onsdag 27. januar 2010

240) Jer. 1.


240) Eit Kall.
Jer. 1.
.
        Jeremia var ganske ung då han fekk kallet til å bli profet. Han var presteson, og det kan tyda at han kjende godt til den jødiske religionen og skriftene, kanskje særleg Mosebøkene og Salmane. Med det hadde han eit godt utgangspunkt til å forkynna Guds vilje og ord til folket. Det er tydeleg frå boka hans at han òg kjende si eiga tid godt. Og han skjøna at det var eit stort gap mellom Guds ord og Guds folk sitt liv og gudsteneste. Både verdslegdom og heidenskap prega folket og førde dei bort frå sin Gud.
        Det er i ein slik situasjon at Jeremia steig fram for folket og tala sterkt.
.
        Me møter kallet hans i kap. 1.
.
 Tida.
        Det er ei interessant tid då Josia var konge – han var fødd ikr. 648 f. Kr. og hadde vore konge i 13 år og var sjølv 21 år då Jer. Vart profet, kap. 1,2. Han var ein god kongen for Juda. Tre år før hadde lovboka blitt funnen i templet, 2. Kong. 22. og vekkinga tok til.
Josia styrde til år 609, i 31 år, frå 640.
.
        Dette var ei interessant tid også i andre delar av verda. I Kina levde filosofen Laotze som skipa taoismen på 5-600 talet f. Kr. I Persia var Zoroaster el. Zarathustra med sin religion. Skriftene hans finn me i Avesta. Og i India levde Buddha (Siddharta Gautama) som skipa buddhismen. Mystikaren og matematikaren Pythagoras levde òg i denne tida i Hellas og Italia, saman med andre filosofar og religionar.
.
        I Mellom-Amerika finn me mayaene med ein serprega kultur og gudsdyrking, storslåtte tempelbygg og eit eige alfabet. I desse århundra før Kristi tid finn me òg etruskarane i Italia (Toscana). I det heile var det ei kulturell oppblomstring, som Elie Wiesel skriv.
.
        Midt i alt dette stod det fram ein enkel og alvorleg mann. I eit lite land inne i Middelhavet fekk Jeremia sitt ”sokn`”. Og han stod fram i ei ’skjebnetid’ i folket si soge, skriv Prof. H. Birkeland. Noko skulle henda, og Gud trong ein tenar.
.
        Jeremia blei kalla til profet i år 627 f. K. Han var frå Anatot, utanfor Jerusalem, v.1. Det er tydeleg at dei trong ein sterk profet i vekkingstida. Nokre meiner at Jer. skreiv Klagesongane (Sørgjesongane) over kong Josias då han døydde. Og då viser desse songane korleis stoda var på slutten av tida hans. 2. Krøn. 35,25. Jeremia var profet i 40- 50 år og enda truleg sine dagar i Egypt. Han hadde hatt mykje motgang, også frå sitt eige folk. Men hovudsaka for han var kallet til å forkynna det Gud sa. Berre det var til hjelp for folket.
.

Situasjonen -
        Tida då Jeremia levde var ei stor fråfallstid. Det skal me sjå på seinare. Det hadde det vore før òg, mange gonger. - Jesaja hadde t.d. berga Jerusalem frå fangenskap i Assyria.
Jeremia kom mest hundre år etter, då vart det eit nytt stort fråfall. Då sette Gud inn alle krefter mot fråfallet. - Jeremia’ virke var Guds siste forsøk på å berga Jerusalem og Sørriket frå fråfall.
.
- Jeremia var ikkje åleine. Han var leiar for ei profetgruppe på fem profetar i Sørriket og to i Babel seinare. Jeremia levde under 7 kongar. 
.
Det var altså fleire – eit heilt profet-team - som hadde same syn på tida, var vakne og villig å tala rett. Men alle var ikkje like eller hadde same målgruppe. Slik brukar Gud sine vitne på ulik måte men med same mål. Profetane var: Jeremia, Habakkuk, Sefania, Nahum og Obadia. I Babel var Esekiel og Daniel.
.
            Nå gjeld det Jeremia. Gud trong ein reiskap nett då, og kallet kom til Jeremia. Slik er Herren vår Gud. Han kallar menneske til å verta hans medarbeidarar. Og han treng spesielle menneske i spesielle situasjonar. Korleis var kallet til denne mannen?
.
Kallet
            Det var av Gud. Det ser me i v. 1 og kap. 2,4: Herrens ord var bodskapen. Han hadde ikkje tenkt det ut sjølv. Han tala ikkje det han meinte folket burde høyra. Det kan lett bli ein kjøtleg andakt. Jeremia var presteson og kjende nok Skriftene godt. Men talen hans var ikkje kunnskap og noko han hadde lese seg til.
.
            Han stod åleine for Gud ein dag, slik alle forkynnarar gjer. Alle menneske kom nå på fråstand. Det var han og Herren. Edin Holme skriv i eit dikt om ein profet: ”Men selv han på sitt lave kammer, i ensom kval med Herren stred.” Der er forkynnaren sin plass i lange tider.
.
            Og då kom det ord frå Gud. Han fekk ein bodskap. Det var klårt for hans indre menneske: Dette – berre det – skal du seia til folket nå. Og det kjenner forkynnaren som ei himmelsk openberring. Han er på heilag grunn, skjelv når bodskapen er tung og han veit at kjøtlege og verdsleg-sinna kristne vil gå til åtak på han etterpå. Men han MÅ gå. Han har det på ein måte som presten i Ibsen sitt verk ”Brand”: Der seier han: ”- Jeg må, jeg må, jeg går en stormanns bud. – Hva heter han? – Han heter Gud!” Då vert me mållause.
.
            Slik var det med Paulus. Til galatarane skriv han: Han var ikkje apostel av menneske eller ved noko menneske, men ved Jesus … og han hadde ikkje motteke bodskapen eller lært det av noko menneske. Det var ikkje menneskeverk. Gal. 1,1 og 12. Jfr. Joh. 1,6. Det må vera forkynnarane i Noreg si stadige bøn. Elles vert det lita og inkje frukt.
.
            Og kallet vart fornya. Han vart minna på det fleire gonger seinare. Slik går det med den som lever i lyset. Han får fornya tillit. Det ser me av v.2. der ordet kom frå Herren. I v. 3 står det: og sidan – då neste konge kom på trona – og heilt til slutten av det ellevte året til kong Sidkia då Juda vart bortført til Babel. Det var ein periode på om lag 30 år og seinare mest 20 år til. Me møter altså ein profet i samanhengande verksemd ut over pensjonsalder. For Gud heldt han liten og audmjuk og avhengig av Herren. Då kan Gud bruka menneske. Men han stod ikkje i ei lang vekkingstid med mange menneske på kne for Gud. Det var heller det motsette.
.
  Førebuing
        Gud hadde førebutt kallet, v. 5. Det gjorde han med Paulus òg, Gal. 1, 15. Han gjer aldri noko på slump. Han veit alt før det skjer, og kan difor handla rett med oss. J. Krogedal syng slik: ”Du visste alt om meg før du meg kalla.” Det har vore til hjelp for mange når tvilen kom: Det var Gud som kalla, og han kjende meg.
.
        I v. 5 står tre sterke verb om det Gud gjorde. Gud kjende Jeremia før han vart fødd. Han visste om våre svake sider og svake karakter lenge før me skjøna det. Om me hadde nokre sterke sider, kjende han dei òg. Han var skapar og gjorde oss slik me skulle vera. Og så la han ferdige gjerningar i vår veg – og det var slike gjerningar som me hadde gåver til å gjera. Ef. 2, 10. Gud skapte menneske slik det skulle vera, står i Fork. 7, 29.
.
        Dinest hadde Gud helga den unge Jeremia. Det tyder her at han hadde skilt han ut frå alle andre born i Israel og sagt i sin himmel at denne guten skulle bli profet. I Sirak 49, 9 (apokryfisk skrift) står det at Jeremia var helga til profet i mors liv. Helging er i sitt vesen nett det: skilt ut frå synd og verda sin veremåte – og innvigd til eit nytt liv, for Gud. Jesaja opplevde det same lenge før. Han fekk kallet på ein sterk måte i heilagdomen, kap. 6. Og lenge etter – når han skriv den andre Herrens-tenar-songen i kap. 49, vitnar han: Herren har kalla meg frå mors liv. (Sjølv om dette kapitlet eigentleg gjeld Messias.) Gud er nokre gonger tidleg ute når han skal finna ein god tenar. Men det er ikkje sikkert at Jesaja og Jeremia visste om dette kallet som tenåringar. Det blir ofte openberrra litt om senn.
.
        Så kom dagen då han skulle byrja arbeidet sitt. Då sette Gud han til profet. Planen var kjent for Gud, men ikkje alltid for menneske. Det kom i si tid. I alt dette ligg òg utrusting, plassering, nåde-og naturgåver. Alt var frå Gud – som ein pakke. Han hadde ikkje teke seg til noko, alt var gåver frå Gud. Men i pakken ligg òg dette: Du må lyda kallet og utføra oppdraget, sjølv om det kjem motstand frå folket. Og det må eit ekstra Guds kall til mange gonger for å klara det.
.
Kallet kostar
        Likevel: han vegra seg, v. 6. Jeremia var truleg 25 år gamal nå. Men han ropte ikkje ut: Eg er glad for kallet. Sjølvsagt skal eg gå. Nei, han bad seg unna.
        - Somme vil ikkje fylgja kallet – til misjonsmarka eller i heimearbeid av slike grunnar: Dei er late og finn det meir behageleg å leva livet som dei sjølv vil. Dei har uvilje mot misjon og å ofra til andre land – mange treng oss i vårt land. Eller: egoisme: eg skal tena pengar, eg vil få meg ei høg stilling i samfunnet, for å bli respektert. Her er mange ureine motiv mellom oss. Og Guds rike lid av det.
        - Andre vegrar seg av di dei er så små. Dei kjenner seg udyktige, hjelpelause og heilt uskikka. Skal eg tena den høge Gud? Kan eg det? Jeremia var nok her. Han var for ung. Han var ikkje mellom dei unge me ofte ser: dei skal straks opp på ei scene og gjera noko. I kap. 17, 16 seier han: Eg nekta ikkje. Moses tenkte på same måte, 2. Mos. 4, 13, og mange av dei beste vitna seinare. Me ser mange svake sider ved oss sjølv, og tenkjer på synd og svikt i farne dagar. Og det gir ikkje stort frimot.
.
Gud grip inn.
        Då kom Herren igjen til oss: Du må ikkje seia slik, v. 7. Når Herren kalla, gir han alltid nok utrusting. Jeremia fekk ein stor lovnad, v. 8. Han ville sjølv vera med profeten, slik Jesus sa til læresveinane som skulle ut som vitne: Sjå, eg er med dykk alle dagar. Mat. 28, 20. Men Jeremia fekk faktisk ein endå sterkare lovnad: eg vil berga deg. I ein eldre svensk bibel står det: Eg vil frelsa deg. Gud visste kva som var i vente for Jeremia. Men han skulle ikkje vera redd noko av det. Herren var frelsar.
.
        Dette gjer han på fleire måtar:
        - Herren gir bodskapen, v.7: Alt det eg byd deg, skal du tala. Han skulle få heile innhaldet. Herren visste kva han ville ha fram for folket. I vår tid er bodskapen klår: Det er Bibelen. Han er den einaste rettesnor for tru og liv.
        - Han vel ut plassen der me skal tena han. Til dei eg sender deg til, sa Herren. Nokre sender han til Afrika, andre til bygd og by i Noreg.
        - Han går med oss alle stader. Å vera med tyder at han hjelper og eigentleg gjer arbeidet. Me er berre pennen som han held i. Slik står det skrive: sendebod i staden for Kristus, som om Gud sjølv formana… 2.Kor. 5, 20.
        - Han rørde ved munnen hans, v. 9. Og det gjorde han ved å leggja sine ord i munnen hans. Jfr. Jes. 6, 7. Ein rett forkynnar har opplevd det. Du hadde heilage stunder då Gud var så nær, og du visste: dette må eg seia i kveld.
.
        Dette får du i einsemda med Den heilage Gud, der Ordet frå han er hovudsak. ”Da blir det han og han alene, og ikke meg og mitt.”
.
        Me treng ein Jeremia i vår tid i vårt land. Vil han få reiserute om han kjem til oss?
.