onsdag 27. januar 2010

239) Jer. 1-2.


239) Eit Fråfall.
Jer. 1-2.
.
Kva hadde hendt?
Jeremia fekk profetkallet som ungdom, ikr. 625 f. Kr. Og han var profet i over 40 år. Det var ei brytingstid i storpolitikken som enda med at folket i Juda rike (Sør-riket) vart ført til Babel som fangar i 586. – Jeremia levde under dei fem siste kongane i Juda: Josia, Joakas, Jojakin og Sidkia. Han var presteson frå Anatot ikkje lagt frå Jerusalem.
.
        Jeremia si tid var ei fråfallstid av store dimensjonar, trass i vekking under Josia. Inga tid er sikra mot fråfall. Synda sit for fast i mennesket til det. Her skal me sjå på nokre store drag i soga om fråfallet.
.

Kong Josia
        Første del av profettida han svar under kong Josia, som var ein god konge. Men han kom etter Manasse. I om lag eit halvt århundre hadde han regjert og ført folket attende til heidenskap og umoral. Med Josia kom vekkinga og ein reformasjon av religionen og folket. Her ser me kor viktig styret i eit land er. Ein leiar kan føra folket vill – eller inn på rett veg. Det er ikkje underleg at Bibelen seier: Be for dei som er i ein høg stilling (1. Tim. 2, 2). Det kan vera avgjerande for den åndelege stoda i landet.
.
        I eit muslimsk land blir folket vanlegvis muslimar. Ande har det veldig trongt. Det er ikkje sant at Islam er ein tolerant religion som vil fred. Dei vil ha alle til muslimar. Det same ser me i eit vesentleg buddhistisk land, katolske land og andre religiøse former for leiarskap.
.
        Det var slik i kristne, protestantiske land òg før. Der kristendommen blir utvatna og meir liberalt, blir færre og færre kristne av den nye slekta. Det er det me ser i Noreg i dag. Og det er ikkje underleg: Kvifor skal folk fylgja ein slapp og relativ religion?
.
I Juda rike og i GT.
        Det er underleg å lesa boka til Jeremia. Han viser fram eit Gudsfolk så ulikt dei bibelske tankane om Guds rike som vel mogleg. Folket lever ikkje berre i utkanten av Guds rike, dei lever på tvers av Guds ord og bod og vilje. Med rette skriv Luther om Jeremias si tid: ”Landet var fullt av synd og avguderi, dei slo profetane i hel og ville ha synda si og avgudsdyrkinga ustraffa.” Etter å ha lese litt om det, treng me ikkje verta forundra over noko i kyrkja. Det har hendt før mange gonger.
.
        Alt i sjølve kallsopplevinga fekk Jeremia høyra om fråfallet. Oppgåva hans var svært negativ, kap. 1,10. Det var noko galt i Israels folk. Og det måtte bort. Fire ord er brukt om denne negative oppgåva: Han skal rykkja opp, riva ned, øydeleggja og bryta ned. Kallet hans var vesentleg å vera ein doms-herold for Israel, men også for heidningane, skriv den tyske lutherske pastor A. Dächsel. Ingen som gjer slikt i Guds rike, vert avhalden og populær i folket. Folk flest vil ha noko lett og hyggeleg, noko dei kjenner seg opplyft av. Dei vil ha ein gamaldags, god 17. mai-tale med mange lov og hurra-rop.
.
        Men Gud viste den unge Jeremia at skulle det gro og veksa, måtte stein og ugras bort. Og då måtte han tala om synd og svik, om avgudar og eigenrettferd mellom Guds folk. Først då kunne han gjera det positive: å byggja og planta. Berre to ord er brukt om det. Skal det antyda at det er meir arbeid å førebu evangeliet, enn sjølve nådeforkynninga? På ein måte er det slik. Synd og eigenrettferd sit så fast i folket at Anden har eit stort arbeid med å ta frå oss alt det me sjølve trur er godt.
.
        Og Herren legg det tungt på hjarta hans: Det Gud har sagt, vil skje. Han vil vaka over ordet sitt, så han set det i verk, v. 12. Det gjeld både frelse og dom. Han ser òg i kokande gryte. Det er ulukka som kjem over landet.
.
        Jeremia hadde god grunn til å vera redd. Som menneske var det naturleg. Ver ikkje redd, sa Gud – eg er med deg, v. 19. Men her ligg ein løyndom for ein predikant, i v. 17b: Ver ikkje redd dei, så eg ikkje skal gjera deg redd dei! Den som byrjar å vera redd verda når han forkynner, vil erfara at han vert meir og meir redd. Difor er det så farleg å slå av på Guds skarpe ord. Me skal forkynna dei med kjærleik, men like skarpe som Ordet seier. Forkynnaren skal stå med tanken i seg: Det er Gud som talar, eg er berre konvolutten som ber det fram.
.
Korleis var folket?
        Kap. 2, 13 er eit samleord for det: To vonde ting har folket mitt gjort. Først dette: Dei har forlate Herren sin Gud – han som er kjelda til det levande vatn. Han er opphavet til frelsa og den einaste sanne Gud. Og så forlet dei han. Det er noko vondt i Guds augo. For det viser at dei ville vera sjølvstendige åndeleg sett. Dei trong ikkje Gud. Dei klarte seg utan og sette seg opp mot sjølve skaparen. Det var eit hån mot han. Korleis kunne dei då eiga det åndelege, evige livet? Det er meiningslaust, skriv Håkon Haus.
.
        Men fråfallet stansa ikkje der. Dei grov sine eigne brønnar. Dette er uttrykk for eigenrettferda i folket. Det er det Paulus skriv om Rom. 10,3: Dei søkte å grunna si eiga rettferd og gav seg ikkje inn under Guds rettferd. Det er ei stor synd. For det er hån mot Jesu død – den einaste vegen til Guds rettferd. Og folket kjende til dette profetisk om dei ikkje hadde opplevd oppfyllinga.
.

Feil veg
        Dei valde altså gal veg. Og det fører folket alltid ut i nye synder, ofte grovare og grovare. For synda gjer folk blinde slik at dei ikkje kan skilja mellom rett og galt. Men det vil ikkje lukkast. Kva måte dei enn brukar til å reinsa seg, er dei like ureine, v. 22. Men det ser dei ikkje.
.
        Profeten ser det. For han lever med Gud. Han går ikring i gatene og ser – kap. 5,1. Augo og hjarta blir fylte med tårer. For han ser eit hav av synd.
.
        Prestane sa ikkje: Kvar er Herren? Dei som sysla med lova, kjende meg ikkje. Hyrdingane fall frå meg. Profetane spådde ved Ba’al og fylgde dei som ikkje kan hjelpa, kap. 2,8. Dei nekta si synd og sa: Eg er ikkje urein, kap. 2, 23. Og dei seier: Eg har ikkje synda, kap. 2, 35. Men Herren såg korleis dei var: Israel gjekk opp på kvart høgt fjell og inn under kvart grønt tre og dreiv hor der, kap. 3,6. På skiftande vegar sprang du rundt til framande gudar, kap. 3,13. Og det stakk djupare enn til ytre synder. Herren sa: Reinsa vondskapen ut or hjarta ditt… så du kan bli frelst, kap. 4, 14. Hjarta deira var trassigt og stridlynt, står det, kap. 5,23. Men eit ureint hjarta vil alltid fø ureine handlingar.
.
        Så reknar han dei opp: Forferdelege og avskyelege ting hender i landet. Profetane seier fram lygn, og prestane styrer etter råda deira, og folket mitt vil gjerne ha det slik, kap. 5, 30f. Folket høyrde ikkje Guds røyst, dei fylgde sine eigne tankar og sitt vonde, harde hjarta, og vende ryggen til Gud, kap. 7,24. Ærlegdomen er gått til grunne, 7, 28, og folket i Jerusalem har falle frå med eit evig fråfall og vil ikkje venda attende. Det er ingen som angrar vondskapen sin, og Herrens folk kjenner ikkje Herrens lov. Dei har rett og slett vraka Herren, kap. 8,5-9. Både store og små søkjer vinning på urett vis, og profetar og prestar talar lygn, v. 10.
.
        Det er som om profeten har gitt opp: Sommaren er forbi, hausten er til ende. Finst det ingen balsam i Gilead? Kap. 8,30.32. Når Jeremia ser alt dette, kjem gråten som ein flaum, kap. 9,1. Han vil gråta dag og natt over fråfallet. Og det står meir, men lat dette vera døme på korleis folket var. Og midt i alt dette står kallet: Kom attende de fråfalne born, kap. 3,22. Spør etter dei gamle stigane, kap. 6,16. Det var eit nådekall. Men dei ville ikkje. Så djupt kan eit gudsfolk falla. Og då stod berre ein ting att: domen – Babel – straffa for synd.
.
I NT og kyrkjesoga og vår tid.
        Det Nye Testamente byrjar med ei sterk vekking, i eit folk som var djupt falle. Dei var ormeyngel, dei flykta frå Gud, bar ikkje Guds frukt og var ureine og trong reinsing. Døyparen Johannes ropa ut sterke ord til omvending og nytt liv. Mat. 3.
.
        Gud sende sin Messias som var lova mange hundre år før og omtala i heilage Skrifter. Men Guds folk kjende han ikkje og tok ikkje imot frelsesbodet frå Den einaste og levande Gud. Til slutt overlet dei han til romarane som hadde høve til å drepa han. Det er djupe fall.
.
        Seinare i kyrkjesoga kjem dette att. Paulus veit det, etter openberring frå Gud. Det vil koma glupande ulvar etter han. Mellom kyrkja sine folk vil det vera menn som talar falskt og lokkar dei kristne bort frå sanninga og frelsa. Apg. 20. Og galatarane forkasta det frie evangeliet og ville gå attende til gjerningar for å verta frelste. Dei er forbanna, skriv Paulus, Gal. 1. Slikt er fråfall.
.
        Kyrkjesoga går seinare i store og små bylgjer. Det var djupe fråfall i lange tider. Så sende Gud ein tenar for å vekkja dei opp att og føre folket inn i det einaste evangeliet som finst. Det var gode og varme tider i Guds rike. Men nye nederlag kom – og nye profetar. Nokre lukkast og vekkinga gjekk over land og folk. Andre tenarar såg lite og inga frukt. Mang ein Herrens tenar har døydd i mismot. Kva var det som gjekk gale i mi forkynning, spør dei gråtkvalt. Mange får ikkje svar før dei står for trona.
.
Vår tid
        Kva ser ein Herrens profet i vår tid i vårt land?
.
        Svaret er synd og synd og synd. Han ser eit folk som ofte lever på tvers av Guds ord og vilje. Han ser prestar som lever homofilt og forsvarar det. Han ser mange tusen små barnemenneske som må døy av di mor og far ikkje vil ha dei, og av di lækjarar tek livet deira. Han høyrer små ungar i leikeparkane bruka stygge ord og bannskap. Han ser hor og mord og små gutar og jenter som vert misbrukte av vaksne folk. Han høyrer prestar og predikantar tala ein utvatna bodskap, som kan gjera meir skade enn gagn. Mange unge og vaksne let alkohol og narkotika øydeleggja sine eigne liv og andre sine. Og mykje meir.
.
        Og han ser nokre få – trur eg – truande som klynger seg til Jesus og syng: Nei, for all den ting jeg visste, kan jeg ei min Jesus miste. Dei bed og gret og ynskjer: Kom med nye tider, vekkingstider då mange vender seg til Gud.
.