onsdag 27. januar 2010

238) Jer. 3.


238) Ny nåde.
Jer. 3.
.
        Herren Gud vraka ikkje det folket han hadde valt ut som sitt eigedomsfolk. Han kjem med ny nåde, gong etter gong. Han syner kjærleiken sin og vil visa dei miskunn trass i deira synd. Han vil lækja fråfallet og skapa noko nytt. Det finn me fleire stader hjå Jeremia.
.
        Gud sa det alt i kallsopplevinga: Du skal byggja og planta, kap. 1,10. Det vil gro noko ved di teneste. Du skal seia til syndarar av alle slag: Eg vil koma med lækjedom. Det er von for deg.
.
Eit klårt oppdrag
        Profeten får eit klårt oppdrag: Gå av stad og rop ut…: Kom attende du fråfalne Israel… For eg er nådig, kap. 3,12. I kap. 3, 22 er òg innbydinga tydeleg: Kom attende, de fråfalne born! Eg vil lækja fråfallet dykkar. I v. 21 talar han om gråt og bønerop frå folket. Det er eit spørsmål om det var eit ekte rop om frelse og vilje til nytt liv. Eller om folket såg fylgjene av si synd og ville bli fri dei. Mange har omvendt seg då dei var i lekamleg naud, men gløymde det då tidene vart betre. Eller er det tause rop frå nokre syndarhjarto som verkeleg såg kor det bar hen? For livet i synda og verda kan aldri gjera oss tilfredse. Eit ubesvart skrik ligg der så lenge Anden får tala til oss.
.
        Det kjem att i kap. 4,14: Reinsa vondskapen ut or hjarta ditt. Det ligg òg nåde i orda i v. 27: Herren må straffa synda, ”men eg vil ikkje gjera heilt ende på det.” Ein rest skal vera att, det er dei som vender seg til sin Gud og tek imot nåde. Skal frelse og berging koma, må dei gjera opp for syndene sine og leva etter Guds ord. Slik har det alltid vore. Profeten hadde vist dei synda, og nå viser han dei berginga.
.
        Når han seier: Jerusalem, er det meint, som Matthew Henry skriv, kvar einskild innbyggar i Jerusalem. Kvar einskild må venda om frå sin eigen vonde veg og søkja reinsing. Dei andre kan ikkje hjelpa meg. Eg må sjølv stå for den heilage Gud med mi synd og få tilgjeving. Det er dette me kallar personleg kristendom. Eg skjuler meg ikkje i ein flokk, i ”kyrkja” eller ein organisasjon. Eg står einsam for Gud, og han har tid for meg. Det er ingen annan veg frå verda til Gud. Reformatoren Johan Calvin i Sveits skriv sterkt om dette i sin kommentar til kap. 3, 12: ”Nå ser me meininga i dette verset: Gud krev først at israelittane vedkjenner seg synda si… For før ein syndar kjenner kor syndig han er, vil han aldri verkeleg av hjarta venda attende til Gud. For byrjinga til omvendinga er å tilstå si skuld.” Og Ludvig Hope er på line med dette når han skriv i boka ”I liv og i død”: ”Den som ikkje gjennom Guds heilage krav til mennesket ser si synd og let seg ”døypa til omvending”, får aldri synet opna for verdens frelsar.” Slik har det med andre ord vore til alle tider.
.
Hjartelivet
        Men vondskapen ligg i hjarta, og den gjer sjela urein. Difor må frelsa gå så djupt at ho når vårt inste hjarteliv. Dächsel kommenterer dette slik: ”Hjarta er kjelda og opphavet som gjer oss ureine, og då må omvendinga byrja der.” Og det kjem av at me er vonde i hjarta, altså i heile oss. Difor må me fødast på nytt og skapast om heilt og totalt. Calvin peikar på noko viktig her: ’Hyklarane, seier han, søkjer alltid å slutta fred med Gud ved ytre ritual.’ Det er så lett å ty til gjerningar og offer som me sjølve kan gjera. Men me kan korkje bli omvende ved det, eller eiga ein stadig fred i sjela ved det. Kva tid har me gjort nok? Det blir alltid den urolege uvissa.
.
        Og spørsmålet kjem: Kor lenge vil de hysa slike syndige tankar? Ei gamal svensk omsetjing (Karl XIIs omsetjing frå 1703 og seinare) omset slik: skadelige lærer. P. Fjellstedt har same omsetjing og tolkar det om avgudsdyrkinga i Israel, og skriv at det er ”alle slike tankar og innbillingar som eit menneske i si sjelesak set i staden for Guds ord”. Og Herren ventar på at dei skal venda om, difor spør han slik: Kor lenge…? Dei syndige og skadelege tankane var nett at dei søkte hjelp hjå andre enn deira Gud. Dei vende seg t.d. til Egypt for å få hjelp mot fienden i nord-aust, Babel. Men det var rett og slett avgudsdyrking i og med at dei venta hjelp av menneske og ikkje trudde at Gud kunne gjera det.
.
        Innbydinga er klår i kap. 6,16: Spør etter dei gamle stigane. Der er kvile for sjelene. Og han held fram i kap. 7, 2ff: Stå i porten i Herrens hus og rop ut… Betra vegane dykkar og gjerningane dykkar… Dei gamle stigane er å venda om til Gud og stola på hans hjelp i alt. Folket måtte stansa opp og sjå om dei var på rett veg, slik ein reisande må gjera når han er ukjent og uviss. Men det var ikkje nok at vegen var gamal. Dei skulle spørja seg føre kor vegen var til det gode. I bibelsk tyding er det gode alltid Gud og hans rike. Slik er det for oss òg. Det er ikkje nok å seia at me held oss til det gamle. Dei gode, gamle stigane er Bibelen sine ord om vegen til frelse og livet som kristen. ”Spør etter dei gamle vegane, dei vegane som er skrivne om i Guds lov, det skrivne ord, dei sanne gamle vegar. Spør etter vegane som patriarkane gjekk på,” skriv Matthew Henry.
.
        Men dei ville ikkje. Det er ei grunnårsak til bortføringa til Babel. Dei ville ikkje leva som Guds folk, men slik dei sjølve ynskte. Og dei ville ikkje akta på profetane, som var Guds sendebod, v. 17. Når eit folk ikkje vil høyra på Guds sendebod og Guds ord, er fråfallet der. ”Den som høyrer ordet mitt og trur… har evig liv” (Joh. 5, 24).
.
Folket og Gud.
        Korleis reagerer Juda folk på Guds nye tilbod? Bøyer dei seg og vender om? Svaret på dette må me sjå på fleire plan.
.
        Først: Under kong Josia kom det vekking i folket. Dei siste kongane før Josia var Manasse og Amon. Begge var gudlause og førde folket vill åndeleg sett. Etter mange år med fråfall i Juda, kom ein gudfryktig konge på trona. Om lag på same tid som han byrja med åndelege reformer i landet, vart Jeremia kalla til profet, i år 627 f. kr. Han kom altså i rett tid. Josia reformerte den ytre gudstenesta og fekk bort avgudsdyrkinga. Jeremia gjekk djupare inn i den religiøse situasjonen. Han ville kalla folket til tru og åndeleg gudsdyrking. ”Folkets hjerter kan ikke forandres bare ved en offisiell reformasjon,” skriv Håndbok til Bibelen, 1985.
.
        Midt i denne prosessen finn dei lovboka i templet, i år 621. Det skapte ein heilt ny situasjon. Nå var det ikkje lenger tradisjonen som viste seg. Dei trong ikkje spørja: Kva meiner folket og kva har dei gjort før? Nå fekk dei eit dokument som viste kva Gud meinte og ville. Josia tok konsekvensen av det. I denne delen av reformasjonen hadde han truleg ei god støtte i profeten Jeremia. For det er nett den åndelege sida han kjempa for. Offer og gudsteneste var ikkje nok. Folket måtte venda om til Gud av hjarta.
.
        Dinest: Jeremia si bok syner at han kjempa for dette heile tida. Det kan tyda på at folket var nøgde med den ytre reformen der hjartelivet framleis fylgde avgudane. Vekkinga vart slik utan frukt på langt sikt. Kong Josia døydde i 609 og opplevde ikkje domen over folket.
.
        Soga syner at nye fråfall kom. Difor måtte Gud straffa med Babel. Vekkinga var kanskje ikkje djup og sann nok. Om lag 20 år etter kom punktum for Juda i denne omgang. Svake kongar styrte og Nebukadnesar i Babylon tok til slutt Jerusalem i 586 og mange vart bortført til Babel Det var dette Jeremia hadde sett og som han tala mot og gråt bitterleg over.
.
        : Men profetane såg endå lenger. Ein gong ville ei ny tid koma: Messias skulle oppretta sitt rike på jord. Evangeliet skulle ein gong lyda slik at alle kunne koma. Då vart det ei hjartevekking, der Gud skapte eit nytt hjarta i folket. Jer. 31. Det byrja då Guds eigen Son kom til jorda ei julenatt. På krossen lydde det: Fullbrakt! Frelsesverket var ferdig. Alle kan koma.
.
        I Babel var det eit par andre profetar mellom dei bortførde, som me har nemnt. Dei tala òg om ei ny tid. Endestasjonen var ikkje å koma attende til Jerusalem. Daniel har synder om ei ny tid då Guds rike skulle sigra. Dan. Kap. 2, 44: Gud skal reisa opp eit rike som aldri i æva skal gå til grunne. I Babel var òg Esekiel profet. Og han skreiv som Jeremia om ei ny pakt i ei ny framtid då folket skulle få eit nytt hjarta og ei ny Ånd (kap. 36), og eit nytt tempel (kap. 40ff). Det var positive og optimistiske tonar for folket i eksil.
.
        Men heller ikkje då ville alt folket koma. Ein rest vart berga i det gamle Israel. I evangelietida er det òg slik at Gud tek seg ut eit folk for namnet sitt av alle folk og skaper det nye folket: Kyrkja. Apg. 15, 14. Berre dei som trur på Jesus Messias, vert frelste. Og dei er det som skal vera med i den store kvite flokken heime hjå Gud i all æva.
.      
Guds reaksjon.
        Gud var klar i sin tale. Hans nåde og langmod hadde ei grense. Når fleirtalet sa eit endeleg ”nei”, ville domen komma. Då var det ikkje lenger mogleg å venda om. Herren hadde stengt døra. Det er det grufulle alvor til alle tider. Her er eit godt døme og illustrasjon på det. For slik vil det òg verta ”når dei frelste toger inn” i den himmelske byen.
.
        Guds store domedag vert eit oppgjer med alle gudlause til alle tider. Det siste ord vert sagt til dei: Gå bort frå meg! Då er det ikkje nåde lenger for syndarar. Den perioden er over. Ei æveleg redsle skal fylgja dei fortapte der all von om berging er slutt.
.
        Det vert ein frykteleg dag og tid.
        Og til den dagen er det vårt kall å gjera som Jeremia: Åtvara og kalla folket attende til Gud medan det er nåde og frelse å få. Herre, hjelp oss til det!
.