torsdag 3. juni 2010

247) Jer. 20, 7. Du lokka meg!


Jer. 20, 7.
Du lokka meg!

Situasjonsbiletet her er ei villfarande sjel som går ute i h eia. Ho er komen bort frå barndomsheimen og trua og dermed bort frå Gud. Men denne sjela har høyrt Gud tala til seg – og synd og nåde. Då vert sjela vakt. Ho får alvorstankar og tenkjer mykje på det ævelege. Då tek Gud til å overtala ei sjel til å verta frelst.

Herren lokkar og dreg på unge og eldre, og han vil dei skal verta hans born. Då vert det vekking. Dette underlege som nå og då hender i bygdene våre. Folk spør etter Gud. Det er av di Gud sjølv lokkar og overtalar die. Han er den fyrste i frelsesverket på alle måtar. Han tende ei lengt i sjela etter fridom. Me ynsket å koma bort frå den syndefulle verda. Me fekk hug til ein rein tanke.

Men i frelsesspørsmålet fortel Bibelen om at me av natur mellom anna er uforstandige. Tit. 3, 3. Det tyder her at me ikkje skjønar vårt eige beste. I mange jordiske ting kan me nok vera vituge og forstandige – sjølv om det heller ikkje det skjer alltid. Men i åndelege spørsmål er me alle avvikne frå sanninga. Salme 14.

Også når Gud lokkar og dreg på oss skjønar me ikkje vårt beste. Når han dreg på oss, søkjer å overtala oss, då rømer me bort frå Gud. Slik har alltid menneska vore, og vil alltid vera det av di vår natur er vond.

Men Gud lokka og drog. Han kallar og talar med oss. Og høyr: Då er det noko han vil. Det er noko han ynskjer med livet ditt. Og kva er det?

Det kan nok vera mange ting han vil med oss. Me er så ulike i tanke og sinn og har ei ulik fortid. Men først og fremst vil han frelsa di sjel! Det ynskjer han mest av alt for oss alle. Difor sende han sonen sin til oss. Difor kom han frå sin høge himmel ned til vår arme jord, som det står i julesongen.

Han vart fødd i ein stall og gjekk ikring i Israels land som ein tenar for alle. Og til sist let han andre henga seg opp på krossen til spott for alle. Der måtte han lida. Men nett der på krossen vart han den store frelsar for syndarar. Nå står han klar til å ta imot alle som kjem av hjarta.

Han vil frelsa deg frå di synd, frå dom og helvete der ei æveleg fortaping ventar. Han vil frelsa deg frå alt det vonde her i livet, og frå det som kjem etter dette.

Så vil han frelsa deg til eit æveleg liv i himmelen. Det tek til her i livet, og her skal me få tena han ettersom han legg alt til rette for oss. I æva får me så ei ny teneste som me ikkje kan skjøna her på jord. Det vert ei himmelteneste som me aldri skal bli trøytte av.

Skal han få lokka deg og overtala deg nå i dag?

På Pinsedagen ropa Peter ut til den store skaren som var samla i Jerusalem då: Lat dykk frelsa frå denne rangsnudde slekta. Apg. 2, 40. Det er óg eit bod til deg som lever utan Gud i dag. Ja, som ei befaling frå Gud i himmelen: Lat deg frelsa. I det ligg det at det er friviljug å verta frelst. Det står så å seia på deg akkurat der. Du må sjølv ta imot.

I v. 47 les me at nokre let seg frelsa kvar dag. Nå i dag ynskjer Jesus også at nokre vil koma til han. Difor lokkar og kallar han heile tida. Han freistar å overtala deg – for det er så viktig.

Lat dykk frelsa frå denne slekta. For ho er vrang, som det står i ein svensk bibel. Menneska er vrange både mot Gud og mot andre menneske. På nynorsk er ordet ”rangsnudd” nytta. Det tyder altså at me har snudd den vrange sida ut. I ei engelsk omsetjing finn me kanskje det beste ordet: frå denne forderva slekta. Og det er eit sant ord om oss som syndarar. Me er forderva og råtne i synd og gudløyse. Gud vil ein dag krevja heile slekta til rekneskap – og så halda dom over alt folket.

Lat dykk frelsa frå alt dette, seier Herren. Og Jesus vil lokka deg bort frå synda og skamma og den ævelege døden. Han vil meir enn du og at me skal bli frelste. Men det er ikkje sikkert at me kan skjøna og forstå dette, og det er ikkje naudsynleg. Her talar me om åndelege saker som berre kan takast imot i tru.

Me kan derimot blir gripne av det. Gud blir for sterk for oss, og du ser at Jesus er den største du nokon gong har møtt. Det store er nett at han er frelsar og at han vil ta imot deg.

Jeremia seier i verset me har sitert: Han let seg lokka og overtala. Og her ligg det noko viktig. Me skal gi han rett og la han få oss. Vidare seier profeten: Du vart for sterk for meg. Gud brukte si makt, ikkje fysisk, men åndeleg. Me strir imot det me kan, men lukkelege er dei som overgir seg til Gud og seier: Eg kan ikkje meir. Eg kapitulerar og let Deg rå.

Gud kan nok av og til nytta ytre krefter for å visa makta si. Dei fleste menneska i dag ser ut til å bortforklara alt som skjer: Det har ikkje noko med Gud å gjera. Men sæl er du som let Gud råda i alle ting. Ved det ytre vil Gud læra oss noko, anten det er sjukdom eller fattigdom eller naturkatastrofar. Det er ikkje Gud som vil det vonde. Han vil berre godt med oss. Men han kan bruka vonde ting og snu det til det beste for oss. Har du åndelege augo, ser du litt av det.

Må Gud få signa oss alle til å gå hans veg.
Amen.